Songtexte.com Drucklogo

Hymne Songtext
von Aftenlandet

Hymne Songtext

Du kom til meg frå grybleike strender
drøymd av Gud inni æva ein gong. Eg har bore deg på mine hender, eg har gitt deg min djupaste song.
Gjennom sol har eg ført deg ved handa, og når tida mot kveld fall deg lang,
har vi vandra i eventyr landa
til du trøyt somna inn på mitt fang.
Eg har sett dine augo å tindre,
- tindre blå imot stjerner og hav, og ei verd vekse fram i ditt indre, - den du undrande sjølv spegla av.
Kvar ein tanke på deg, og kvart minne byggjer tempelkvelv over min veg.
Eg har reist deg eit altar der inne,
og fornekta Jehova for deg.
Gjennom nedgang og natt skal du skine på min veg alle audslege mil.
Eg vil døy under hendene dine,
og gå under i glans av din smil.

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Quiz
Whitney Houston sang „I Will Always Love ...“?

Fans

»Hymne« gefällt bisher niemandem.