Songtexte.com Drucklogo

Eg vil vere her Songtext
von Sigrid Moldestad

Eg vil vere her Songtext

Eg vil vere her
Eg vil vere her lenge
Så eg kan få sjå, korleis det går
Eg vil følgje deg
Eg vil halde di hand
Så du finne fram, mitt kjære barn

Men livet er ikkje sånn
Vi får aldri heilt sjå
Korleis det går
...korleis det går
Så eg seier det no
Eg vil vere ein vind
Som bles på ditt kinn
Og ei fjør du finn


Tru korleis du vil bli
Når du blir gamal
Vil du trenge meg då, når du har gråe hår
Vi e lys i ei natt
Der er du, der er eg
Kjem det nye spor, blir du mormors mor

Men livet er ikkje sånn
Vi får aldri heilt sjå
Korleis det går
...korleis det går
Så eg seier det no
Eg vil vere ein vind
Som bles på ditt kinn
Og ei fjør du finn...

Ingen dagar kjem tilbake
Alt er her og no
Vi pustar liv og glo i ei lita von
At ikkje alt blir søvn og er over
Men at det fins andre lover
Så du høyre meg
Når du trenge meg
Og eg syng te deg
Då skal eg sende ned ei fjør
Då skal eg verne deg som før


For kanskje livet er sånn
At vi alltid får sjå
Korleis det går
...korleis det går
For stundom går eg og ser
På ei fjør som eg finn
Får eit kyss av ein vind
Som bles på mitt kinn

For kanskje livet er sånn
At vi alltid får sjå
Korleis det går
...korleis det går
For stundom går eg og ser
På ei fjør som eg finn
Får eit kyss av ein vind
Som bles på mitt kinn

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Sigrid Moldestad

Quiz
Cro nimmt es meistens ...?

Fans

»Eg vil vere her« gefällt bisher niemandem.